P8080053

Knudaheio

Knudaheio var diktaren Arne Garborg si sommarstove på Jæren frå 1899 til 1923. Stova ligg like oppfor Undheim. Huset og stova er som dei var då diktaren budde her. Innreiing og inventar er autentisk, og framstår utvendig slik det såg ut i 1909. Arne og Hulda Garborg er hauglagde i hagen på eigedommen.I 1924 donerte enka Hulda Garborg eigedomen til Time kommune. Museet vert i dag drifta av Jærmuseet.