P5210151a

Baroniet Rosendal

Slottet frå 1665

I 1658 sto det bryllup mellom Noregs rikaste arving og ein stolt dansk adelsmann. Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig i 1665. Kong Christian V av Danmark-Norge opphøga godset til Lensbaroni i 1678. Frå 1745 var Baroniet Rosendal eigd av slekta Rosenkrone, som i 1927 gav godset i gåve til Universitetet i Oslo. Den Weis Rosenkroneske Stiftelse DWRS, tilknytta Universitetet i Oslo, har i dag eigaransvar for slottet, park, hage, husmannsplassen Treo, Fruehuset og Avlsgården med det omkringliggjande kulturlandskapet.

Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt sitt vesle slott frå 1660-åra er omgjeven av eit vakkert og historisk hageanlegg med renessansehage, romantisk landskapspark og kjøkenhage. Frå Rosendals Have er det storfelt utsyn mot Malmangernuten, Melderskin, Laurdalstind, Hattebergfossen og Hardangerfjorden. Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og motar innanfor hagekunsten. Her kan du oppleva over 300-år med hagehistorie!