IMG_2376a

Halsnøy Kloster

Halsnøy Kloster

Halsnøy Kloster ligg på øya Halsnøy i den sørlege delen av Kvinnherad. Klosteret stod ferdig i 1164, bygd av vikinghøvding Erling Skakke. Son hans, Magnus Erlingson, var på denne tida konge i Noreg
I sein middelalder vart dette klosteret rekna som eit av dei mektigaste klostra i denne delen av landet. I dag er ruinane frå dette klosteret museum. Samlinga består av ruinar frå sjølve klosteret, eit hovudhus, eit båthus og steinar frå klosterkyrkja. Klosteret er og arena for kulturelle tilskipingar. I kjellaren på hovudhuset er det ein historisk utstillinga som syner aktiviteten på staden heilt fram til å eigendommen vart museum.